HMS KURS FOR DAGLIG LEDER 990,- OG HMS KURS FOR VERNEOMBUD

Labert HMS-arbeid i treningssenter

Arbeidstilsynet gjennomførde i 2011 og 2012 ein aksjon hos 68 treningssenter over heile landet. Dette er verksemder med til saman 2227 tilsette. Det har vore nytta tre ulike tilsynsmetodar inn mot treningssentra og dette gjer seg utslag i variasjonar med omsyn til kva tema som har vore drøfta under tilsyna. Resultata som kjem fram etter tilsyn, speglar difor andelen av dei som er kontrollert på dei ulike spørsmåla.

På treningssentra er nok dei fleste til dagleg opptekne av helse, trening og det å halde kroppen sin i form. Kanskje er det derfor vi finn manglar når det gjeld helse, miljø og sikkerheit i arbeidskvardagen?

- Vi har sett på om verksemdene kartlegg arbeidsmiljøet, vurderer eventuell risiko, har skriftlege arbeidsavtalar og avvikssystem ved melding av uønskte hendingar, forklarar Evy Dale.

- Kva fortel resultata deg?
-Dei fortel at norske treningssenter i liten grad tenkjer på at dei systematisk skal førebyggje mogelege helseskader i samband med arbeidet. Vi har avdekt vesentlege manglar i høve til krava i arbeidsmiljøloven.

Skuffande

- Resultata viser at 70 prosent av dei verksemdene som har fått spørsmål om system for å melde uønskte hendingar, har dette på plass. Det er ikkje så verst, seier Dale. På spørsmål om verksemdene har register for ulykker og skader, seier 60 prosent at dei har det. Det vil altså seie at heile 40 prosent manglar system for dette. Enda verre blir det når vi kjem til system for å vurdere risiko. Det er jo sjølve essensen i det systematiske HMS-arbeidet. Berre 48 % av treningsstudioa som er blitt kontrollert på dette tema, seier dei har det. Det er veldig lågt, understrekar prosjektleiaren.

Næring i vekst

Helsestudio, treningsstudio, treningssenter. Bransjen er mangfaldig og dårleg registrert hjå Statistisk Sentralbyrå. Men det er likevel ikkje vanskeleg å slå fast at dette er ei næring i sterk vekst. Her finn vi store landsdekkjande kjeder og heilt små studio, i små samfunn. Opningstidene er lange og svært mange av dei tilsette jobbar deltid.

- Kva er grunnen til at dei utmerker seg i negativ retning?
- Kanskje fordi det er få årsverk, men mange tilsette som har dette som «bijobb». Vi veit at dagleg leiar ofte jobbar dagtid, mens dei fleste tilsette jobbar ettermiddag/kveld. Det kan føre til få fysiske treffpunkt mellom dagleg leiar og tilsette og kan eksempelvis også få betyding for korleis tilsette medverkar i HMS-arbeidet. Berre 57 prosent av dei som har fått spørsmål om dette tema, seier dei legg til rette for medverknad. Derfor er mange av pålegga frå Arbeidstilsynet etter aksjonen gitt slik at ein sørgjer for at dei tilsette medverkar i arbeidet med HMS, forklarar Evy Dale. Men vi har og sett dei gode eksempla på at dette blir gjort, seier Dale.

- Dei har nok fokus på drift, produksjon og på kundane sine. Dei tenkjer ikkje på å vurdere eigen risiko.

- Andre utfordringar vi har sett, ligg innanfor tema som gjeld arbeidstid, lønn, oppseiing, støy, bruk av unge arbeidstakarar og «særleg uavhengig stilling».

Manglar rutinar

Treningssentera kjem dårlegast ut i høve til arbeidsavtaler. Dei kjem også svært dårleg ut med tanke på rutinar og retningslinjer for når og korleis dei skal ta tak i og handtere avvik. Berre halvparten av dei spurde verksemdene kunne leggje fram rutinar for dette. – Slike rutinar er eit vesentleg instrument for å kunne ta tak i ting, poengterer Dale. Og går vi enda djupare i materien ser vi at berre 30 prosent av dei spurde verksemdene kan vise til ein handlingsplan for kva tiltak dei tenkjer å gjennomføre innan HMS.

- Eg trur dette handlar om kultur og haldningar. 58 prosent av verksemdene har ein leiar som har teke den lovpålagde HMS-opplæringa. Det talet burde ha vore på 100 prosent. No må vi ut og informere om dette og andre krav i arbeidsmiljølovgivinga. Vi ønskjer å bidra til at verksemdene blir betre til å arbeide systematisk med helse, miljø og tryggleik, seier seniorinspektør Evy Dale i Arbeidstilsynet.

Fakta om treningstilsyn:

Talll på gjennomførte tilsyn 68

Gjennomsnittleg tal på reaksjoner 4

Reaksjonsgrad 85 %

Tall på tilsette 2 227

Har rutinar for å avdekke risiko 48 %

Har skriftleg arbeidsavtale 66 %

Tilsette medverkar i HMS-arbeidet 57 %

Gjev verneombudopplæring 34 %

Skriftlege rutinar for oppfølging av sjukefråver 58 %

HMS Kurs for daglig leder 990,-

HMS kurs for verneombud 1990,-

Du som daglig leder kan nå bestå HMS kurs på ca 1 time. Tradisjonelle HMS kurs kan ta opp til en hel arbeidsdag og gjerne med unødvendige høye utgifter. Med vårt tilbud til e-læring kan du gjennomføre kurset i fred og ro akkurat når det passer deg.

Fra 2007 til 2017 har flere flere tusen kunder valg vårt system

Arbeidsgivere er en sammensatt målgruppe. Noen leder konserner med titusener ansatte i inn- og utland, mens andre har et fåtall medarbeidere og er selv aktive i produksjonen.Det er 173.321 arbeidsgivere i Norge, og tre fjerdedeler av dem har færre enn ti ansatte (SSB, 2006). Produksjonen favner også bredt fra vareproduserende industri, bygg eller anlegg til transport- hotell- eller konsulenttjenester. Et HMS Kurs skal være nyttig for alle arbeidsgivere, uansett bransje og bedriftens størrelse. Derfor må vårt HMS Kurs bli i generell i form

HMS Nyheter

Nyheter relatert til HMS Kurs

2017 08 01

Statsråd fastsatte 16. juni at endringene i arbeidsmiljølovens varslingsregler og arbeidstidsregler trer i kraft 1. juli i år.

2017 05 24

Statoil planlegger å kutte 250 stillinger i den sentrale staben, mange av dem i tilknytning til helse, miljø og sikkerhet.

2017 05 21

I dag er det få og for svake HMS-krav til innkjøper eller tilbyder ved offentlige anbud, åpnet Arne Presterud fra Arbeidsmandsforbundet sitt innlegg i natt.

Han påpekte at HMS koster penger.

2017 05 21

– Det vi har sett er svært alvorlig. Inspektørene fant lovbrudd ved halvparten av de inspiserte byggeplassene. Det dreier seg om alt fra HMS-brudd til ulovlig arbeidskraft og trygdesvindel, sier Anniken Hauglie (H)

2017 03 08

En HMS-ansvarlig i en bedrift i Rygge er dømt til en måneds betinget fengsel for ikke å ha fulgt arbeidsmiljøloven i forbindelse med en dødsulykke i 2015.

2016 04 08
Etter tilsyn i desember 2014 konkluderte Arbeidstilsynet med at arbeidsmiljøet på Villa Eik var helsebelastende og uforsvarlig for både ansatte og ledere.

2016 03 30

Sykefravær er påkjenning og potensielt stor utgiftspost for arbeidsgivere. Ifølge tall fra NHO, kostet en ukes sykefravær omlag 14600,- i 2016. Det er med andre ord mye å spare på å få ned sykefraværet, og undersøkelser viser at innføring av systematisk HMS-arbeid er et effektivt tiltak.

2016 03 29

HMS-rådgiver Per Terje Engedal og de andre varslerne i Hordaland politidistrikt ble ikke utsatt for ulovlig gjengjeldelse, ifølge ny rapport. For Engedal har varslingen fått store konsekvenser.

2016 03 18

Det er en fordobling i antall personer som er meldt skadet som følge av vold og trusler på jobben i perioden 2011-2014. I samme periode er det en dobling i antall registrerte vold- og trusselhendelser. Mest utsatt er ansatte i helse og sosial og i offentlig administrasjon.

2014 01 22


Dei jobbar med fokus på trening, kropp og helse. Men dei tenkjer lite på førebygging av helseskadar hos eigne tilsette.

- Arbeidstilsynet har avdekka lovbrott i 85 prosent av dei treningssentra som er kontrollerte. I gjennomsnitt vart det gjeve fire reaksjonar på kvart senter.

Kvar tredje tilsett manglar eksempelvis arbeidsavtale i dei verksemdene der spørsmål om dette er stilt. Ikkje bra, seier Evy Dale, nasjonal prosjektleiar og seniorinspektør i Arbeidstilsynet.

KONTAKT

Administrasjon
E-post: kundeservice@onlinehms.no
Telefon: 9905 1111

HMS Artikkler

2017 08 01

Verneombudets rolle er å ivareta arbeidstakernes interesser i saker som angår arbeidsmiljøet.

2016 03 28

Fra 1. mars 2016 vil alle sykemelderne være pålagt å bruke den nye versjonen av sykmeldingen som gir både arbeidsgivere og NAV målrettet informasjon om den sykmeldte.