HMS KURS FOR DAGLIG LEDER 990,- OG HMS KURS FOR VERNEOMBUD

Felles ansvar for eit godt og anstendig arbeidsliv

For å sikre at arbeidsmiljøet i verksemdene er forsvarleg, skal arbeidsgivaren drive eit systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS). Arbeidstakarane har ei plikt til å medverke ved utforming, gjennomføring og oppfølging av det systematiske HMS-arbeidet i verksemda. For at kvaliteten på dette arbeidet skal vere god, er det avgjerande at både arbeidsgivaren og arbeidstakaren har kompetanse om HMS. Det er derfor nedfelt ei plikt for arbeidsgivaren til å gå igjennom opplæring i HMS-arbeid i arbeidsmiljølova. Vidare skal arbeidsgivaren sørgje for at arbeidstakaren får den opplæringa som er nødvendig for å gjere arbeidstakaren kjend med ulykkes- og helsefarar i samband med arbeidet. Det blir også stilt krav til arbeidsgivaren om å sørgje for at arbeidstakarar som har til oppgåve å leie eller kontrollere andre arbeidstakarar, har nødvendig kompetanse til å føre kontroll med at arbeidet blir utført på ein helse- og sikkerheitsmessig forsvarleg måte. I tillegg skal arbeidsgivaren sørgje for at verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval får den opplæring som er nødvendig for å kunne utføre vervet på forsvarleg måte. God HMS-kompetanse og HMS-opplæring er avgjerande for å få til eit godt systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.

Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter stiller ulike krav til innhald og omfang av opplæringa for arbeidsgivarar, arbeidstakarar og vernetenesta. For verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval er innhaldskrava meir detaljerte enn for arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Det er også variasjon i korleis verksemdene etterlever opplæringskrava. Der enkelte verksemder i stor grad etterlever dei krava som er stilte, viser andre verksemder ei mangelfull etterleving. Det er rimeleg å gå ut frå at denne variasjonen har innverknad på det systematiske HMS-arbeidet som den enkelte verksemda utfører.

Kapitteldelen om opplæring er bygd opp slik at pliktene til arbeidsgivaren når det gjeld HMS-opplæring, er omtalte først, med eigne underpunkt om arbeidsgivaren si eiga opplæring og opplæringa av verneombodet/arbeidsmiljøutvalet. Deretter blir særlege utfordringar knytte til kompetansen til unge arbeidstakarar og HMS som tema i utdanningssystemet omtalte.

15.5.2 Plikt til HMS-opplæring for arbeidsgivaren

Det blei i 2005 innført nye krav i arbeidsmiljølova om HMS-opplæring for arbeidsgivarar. Poenget med ei plikt til opplæring for arbeidsgivar er å tydeleggjere forventninga om at leiaren i verksemder skal ha kunnskap om grunnprinsippa i systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid og om arbeidsmiljølova. For å kunne ta dei rette avgjerdene i forhold til arbeidsmiljøet må leiaren for verksemda ha kunnskap om dei krava som gjeld, kva som skal til for å få eit godt arbeidsmiljø, og korleis det skal arbeidast systematisk med helse, miljø og sikkerheit i verksemda. 1 Ei slik opplæring må kunne gjennomførast på ein måte som er tilpassa verksemda og arbeidssituasjonen til den enkelte leiaren, og det er dermed ikkje sett opp krav om eit bestemt timetal for opplæringa.

Det er utarbeidd ei rettleiing av Arbeidstilsynet i samarbeid med partane som presiserer innhaldet i opplæringa: «Det er en klar intensjon at arbeidsgivers opplæring i helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid skal tilpasses den enkelte virksomhets og bransjes risiko- og driftsforhold.» Vidare er også generelle tema som bør vere med, lista opp og utdjupa. 2

Når det gjeld gjennomføringa av opplæringa blir det òg presisert i rettleiaren at «Det er en klar intensjon at opplæringen skal gjennomførast på en måte som er tilpasset virksomhetens art, aktiviteter, risikoforhold og størrelse. Det er derfor ikke stilt krav til opplæringens omfang.» Kriteria i rettleiinga vil vere retningsgivande for kor omfattande opplæringa skal vere.

Ei undersøking som blei gjennomført i 2009 (sjå også tilstandsbeskrivinga under punkt 10.6), viser at om lag éin av fire arbeidsgivarar ikkje har gjennomført lovpålagd HMS-opplæring. 3 Det er samtidig ein tydeleg tendens at daglege leiarar i IA-verksemder i større grad enn daglege leiarar i andre verksemder har gjennomgått opplæring. Når det gjeld lengda på opplæringa, viser undersøkinga tydeleg at det er store variasjonar. Om lag éin av tre arbeidsgivarar har hatt ei opplæring på éin dag eller kortare, medan like mange har hatt ei opplæring på meir enn tre dagar. Undersøkinga viser at daglege leiarar i verksemder med 20 tilsette eller meir i større grad enn daglege leiarar i verksemder med færre tilsette har gjennomgått opplæring som har gått over to dagar eller meir. Ein større del av leiarane i offentleg sektor enn leiarane i privat sektor har gjennomgått opplæring som har gått over to dagar eller meir. Verksemder som har verneombod, arbeidsmiljøutval og bedriftshelseteneste, har i større grad enn dei som ikkje har det, gjennomgått HMS-opplæring på meir enn tre dagar. Det same gjeld for IA-verksemder samanlikna med dei som ikkje er IA-verksemder. Tilsynserfaringar frå Arbeidstilsynet i små og mellomstore verksemder viser også at hovudtyngda av arbeidsgivaren si opplæring har gått føre seg ved dagskurs eller kurs som har vart kortare.

Behov for å forsterke føresegna?

Det er sett fram påstandar om at somme kurstilbod ikkje gir arbeidsgivaren den kompetansen som er nødvendig for å ta hand om det systematiske HMS-arbeidet.

Lova stiller ikkje krav til lengda eller innhaldet i den HMS-opplæringa arbeidsgivaren gir. Departementet har vurdert om det kan vere formålstenleg å forskriftsfeste innhaldskrav til opplæringa, og har konkludert med at det er grunn til å halde fast på den fleksibiliteten som ligg i regelverket i dag, ettersom verksemdene er svært ulike både når det gjeld storleik, type aktivitet og eksponering for ulike risikoforhold. Konkrete krav vil ikkje alltid vere ein garanti for at arbeidsgivaren har den rette kunnskapen om HMS. Ei forskriftsfesting av rettleiinga vil lett kunne skape ei lite dynamisk regulering.

Det går fram av rettleiinga at kravet til opplæringa skal tilpassast den enkelte verksemda og bransjen. Det er likevel tydeleg i forarbeida at det ikkje skal setjast eit fast timetal for arbeidsgivaren si opplæring, og dette blir grunngitt med behovet for verksemdstilpassing og behovet for ei fleksibel ordning for den øvste leiaren av verksemda. 4

Arbeidstilsynet peiker på at det ut frå deira erfaring med handheving av regelverket kan synast som om regelen likevel gir eit for svakt signal om kravet til opplæring av arbeidsgivarar.

Departementet vil vurdere å forsterke føresegna i lova med omsyn til krav om tilpassing av opplæringa til den enkelte verksemda, for å tydeleggjere formålet med føresegna. Dette kan gi Arbeidstilsynet betre grunnlag for tilsyn og handheving. Vidare har Arbeidsdepartementet sett i gang ei kartlegging av eksisterande kurs og opplæringstilbod for arbeidsgivarar på arbeidsmiljø/HMS-området, og ein analyse av tilstanden med omsyn til opplæring av arbeidsgivarar innanfor HMS. Dette vil gi grunnlag for ei nærmare vurdering av ulike tiltak som kan gi arbeidsgivaren betre HMS-kompetanse.

Tilsynsmetode med vekt på leiing som ei viktig årsak til eit betre arbeidsmiljø

Omgrepet «leiing» i arbeidsmiljølova § 4-1 andre ledd var nytt i arbeidsmiljølova frå 2005. Ved å setje leiing inn som ein av dei organisatoriske faktorane i føresegna tydeleggjorde lovgivaren at leiing i seg sjølv er ein viktig arbeidsmiljøfaktor. Arbeidsgivarar skal ha kunnskap og forståing om samanhengen mellom utøving av leiing og arbeidsmiljøstandarden i verksemdene. Utøving av leiing er ein av dei viktigaste faktorane for resultatet for verksemda, mellom anna også for korleis arbeidet blir organisert og fordelt, og for korleis arbeidsmiljøet i verksemda er. Arbeidstilsynet vil derfor i større grad leggje vekt på leiing som ei viktig årsak til, og ein føresetnad for, arbeidsmiljøstandarden i verksemdene.

Arbeidstilsynet har i 2008–2010 arbeidd med å utvikle ein formålstenleg tilsynsmetode som kan brukast ved tilsyn med korleis arbeidsgivaren sin måte å leie på påverkar arbeidsmiljøet. Målet er å gi leiarane betre kompetanse og gjere dei meir bevisste på måten dei utøver leiing på, kva for arbeidsmiljøvurderingar som bør gjerast undervegs, og korleis desse vurderingane kan kome til uttrykk i praksis. HMS-kompetansen og HMS-opplæringa til leiarane er òg tema som tilsynet tek for seg. Erfaringane etter 60 tilsyn med metoden er positive, og både arbeidsgivarar og arbeidstakarar har gitt positive tilbakemeldingar.

Bedriftshelsetenesta – ein viktig ressurs i HMS-opplæringa

Også bedriftshelsetenesta kan bidra til at det blir lagt meir vekt på leiing som ein viktig faktor i det systematiske HMS-arbeidet i verksemdene. Godkjende bedriftshelsetenester skal ha solid fagleg kompetanse og skal spreie kunnskap om førebyggjande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid blant arbeidsgivarar, slik at dei kan utarbeide risikovurderingar og tiltak som er tilpassa det reelle risikobiletet i verksemda.

HMS-opplæring av leiarar, arbeidstakarar og verneombod i verksemdene har i mange år vore ein viktig del av tilbodet frå bedriftshelsetenesta. Ein gjennomgang av Fagsekretariatet sitt BHT-register 5 viser at meir enn 90 prosent av bedriftshelsetenestene har kurstilbod på dette området. Ein kursportefølje kan innehalde kurstilbod innanfor tema som grunnkurs i arbeidsmiljø, internkontroll, fysisk arbeidsmiljø, ergonomi, sikkerheit, mellommenneskelege forhold, omstilling, stress og stressmeistring, risikovurdering, sjukefråvær, rus og livsstil.

Petroleumsverksemda og HMS-opplæring for leiarar

Det ansvaret og den rolla leiinga har med omsyn til korleis aktørane skal sikre etterleving av rammevilkår for verksemda, er understreka i HMS-regelverket for petroleumsverksemda. Det følgjer av petroleumslova at rettshavarar og andre som tek del i petroleumsverksemda, skal ha dei nødvendige kvalifikasjonane til å utføre arbeidet forsvarleg. Lova krev i den samanheng eksplisitt at opplæring skal skje i nødvendig utstrekning. Alt ved introduksjonen og innføringa av internkontroll på 1980-talet blei merksemda i større grad enn før retta mot det ansvaret leiinga har for forsvarleg styring av verksemda. Seinare blei dette ansvaret forsterka i rammeforskrifta og i styringsforskrifta. Det er mellom anna eit krav i rammeforskrifta at den ansvarlege skal sikre at alle som utfører arbeid for seg, har kompetanse til å utføre arbeidet dei er sette til å gjere på ein forsvarleg måte. Dette krev inngåande kunnskap hos leiinga om korleis dei kan oppnå målsetjingane i regelverket. Sidan ansvaret og rolla til leiinga er sterkt presisert i regelverket, har dette fått tilsvarande merksemd i tilsynet heilt frå internkontrollforskrifta kom. I dag er HMS-opplæring gjennomgåande integrert i Petroleumstilsynet sitt arbeid både når det gjeld regelverkutvikling, tilsyn og anna utøvande verksemd. Tilsynet si merksemd er ikkje primært retta mot HMS-opplæring av leiinga, men meir mot måten leiinga bruker organisasjonen og ulike kompetansemiljø til å skaffe seg oversikt over storulykkesrisiko osv. I Petroleumstilsynet sitt tilsynsarbeid er det lagt vekt på HMS-kompetanse (under dette også arbeidsmiljøkompetanse) i selskapa, bruk av kompetansemiljø og leiinga si forståing av arbeidsmiljørisiko.

Dei seinare åra har «Leiing og storulykkesrisiko» vore ei av hovudprioriteringane for Petroleumstilsynet. Dette har mellom anna sin bakgrunn i at erfaringar frå større ulykker nasjonalt og internasjonalt, og resultat frå granskingar og tilsynsaktivitetar, peiker på at leiinga har ei sentral rolle i handtering av storulykkesrisiko. Endringar i aktørbiletet, med mange nye aktørar der leiinga i utgangspunktet har lite kunnskap om krava til HMS-kompetanse i det norske regelverket, og endring i eigarstruktur, der eitt selskap er operatør for 80 prosent av verksemda på norsk sokkel, fører til at tilsynsstyresmakta må halde fram med å auke innsatsen på dette viktige området. Ein nærmare gjennomgang av utfordringane innanfor petroleumsverksemda er gitt i kapittel 20.

15.5.3 Arbeidsgivaren si plikt til å sørgje for opplæring av verneombod og medlemmer i arbeidsmiljøutval

Kompetansen som vernetenesta i verksemdene sit inne med, er viktig for kvaliteten på det systematiske arbeidsmiljøarbeidet. Arbeidsgivaren skal sørgje for at verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval får den opplæringa som er nødvendig for å kunne utføre vervet på ein forsvarleg måte. Kva dette inneber, er tydeleggjort i forskrift om verneombud og arbeidsmiljøutvalg, der det er stilt krav til innhald i og omfang av opplæringa. Opplæringa skal ha eit omfang på minst 40 timar, og ho skal mellom anna

  • omfatte ei innføring i korleis verne- og miljøarbeid skal drivast
  • gi kunnskapar om ergonomi, støy, belysning, klima og trivselsskapande tiltak
  • gi kunnskapar om ulykkesvern, under dette førebyggjande tiltak, bruk av personleg verneutstyr osv.
  • gi innføring og orientering om arbeidsmiljølova og andre lover og reglar som gjeld på dette området

Som omtalt i tilstandsbeskrivinga viste ei undersøking i 2009 at nær tre av fire verksemder har verneombod. Undersøkinga viste òg at 76 prosent av verksemdene opplyser at dei har rutinar for opplæring av verneombod. Storleiken på verksemdene har innverknad på om verksemdene har rutinar for opplæring av verneomboda, og prosentdelen som har slike rutinar, stig med talet på tilsette. Undersøkinga viser også at det er forskjellar mellom bransjar, og at olje/industri i større grad enn andre bransjar har rutinar for opplæring av verneombod. Verksemder som har inngått IA-avtale, er også flinkare enn dei som ikkje har inngått slik avtale til å gjennomføre opplæring av den daglege leiaren og verneomboda.

Verneomboda er ein viktig ressurs i HMS-arbeidet i verksemdene. Dei følgjer opp interessene til arbeidstakarane i saker som gjeld arbeidsmiljøet. Arbeidstilsynet uttrykkjer at dei gjennom tilsyna sine erfarer at verneombodsordninga står overfor ein del utfordringar. Tilsynet peiker på at dei fleste verneomboda har HMS-opplæring i samsvar med krava i lova, og at utfordringane er meir knytte til rekruttering og tilrettelegging for å utøve verneombodsrolla. Det blir stilt mange krav til eit verneombod, og arbeidssituasjonen deira har gjerne samanheng med kva dei har av tilgang til ressursar, og om dei har fått nok kompetanse gjennom opplæring. Effekten av arbeidet som verneomboda gjer, er òg avhengig av i kva grad det blir lagt til rette for det, og i kva grad problem som verneombodet legg fram, blir tekne tak i. Ei vanleg problemstilling som Arbeidstilsynet møter i tilsynsverksemda si, er at verneomboda meiner at dei ikkje har god nok oversikt over utfordringar og risikoforhold i verksemda. Dei hevdar vidare at det ikkje er nok tid til å ta seg av alle oppgåvene som ombod. Arbeidstilsynet erfarer at det også i ein del verksemder er vanskeleg å rekruttere personar til å ta slike verv. Ein mogleg grunn til at det er vanskeleg å rekruttere personar til verneombod, kan vere mangel på kompetanse i HMS-arbeid.

15.5.4 Samanhengen mellom HMS-kompetanse i skulen og i arbeidslivet

Unge arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira skal ha kunnskap om reglane i arbeidslivet og sentrale vilkår for eit godt arbeidsmiljø. Dette er ein føresetnad for å få ein god start i arbeidslivet, førebyggje og hindre utstøyting og etablere ein førebyggjande kultur som kan bidra til å forbetre arbeidslivsstandarden på lengre sikt. For å oppnå dette bør ungdommen få tilført kunnskap og forståing om kva HMS er, og gode haldningar til risikoførebygging, før dei startar i arbeidslivet. NOU 2008: 18, Fagopplæring for framtida viser at det er behov for meir satsing på HMS før dei unge går inn i arbeidslivet.

Unge arbeidstakarar og HMS-kompetanse

Ifølgje tal frå EU er 18- til 24-åringar rundt femti prosent meir utsette for arbeidsulykker enn arbeidstakarar i alle andre aldersgrupper. 6 Tal frå Noreg viser den same tendensen – særleg for menn. Menn i aldersgruppa 16–24 år har nesten tre gonger så høg risiko for å bli utsette for ei arbeidsulykke enn menn i alderen 55–74 år. Grunnen til kjønnsforskjellane er truleg at menn arbeider i meir risikoutsette yrke.

Unge arbeidstakarar har oftare enn andre mangelfulle arbeidskontraktar, og mindre erfaring med arbeidsmiljøarbeid og konsekvensar av uheldige arbeidsmiljøforhold. Dei er ei utsett gruppe med omsyn til ulykker, og dei blir relativt ofte eksponerte for støy og tunge lyft.

Tabell 15.1 Årleg risiko (i prosent) for arbeidsulykke etter alder og kjønn

Aldersgruppe

Menn

Kvinner

16–24 år

5,9

3,6

25–34 år

4,9

1,7

35–44 år

3,4

2,9

45–54 år

3,3

2,4

55–74 år

2,2

1,4

I alt

3,7

2,4

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Arbeidskraftundersøkinga - tillegg 2007

Nokre bransjar har fleire unge arbeidstakarar enn andre. Mellom anna er det mange unge i tradisjonelt risikoutsette bransjar som bygg og anlegg. Arbeidstilsynet gav i 2009 ut ein rapport om arbeidsskadar blant arbeidstakarar under 25 år i byggj- og anleggsbransjen. Rapporten er skriven på bakgrunn av ei kartlegging av behandla arbeidsskadar ved akuttmottaket og legevakta ved St. Olavs hospital i Trondheim. Rapporten indikerer at unge arbeidstakarar var overrepresenterte blant dei som fekk behandling for arbeidsskadar, noko som gir støtte til at låg alder og lite erfaring i seg sjølv fører til større risiko i arbeidslivet. Rapporten viser vidare at unge arbeidstakarar har ei manglande forståing av kva for mekanismar som kan føre til ei arbeidsulykke. Ei låg risikoforståing kan føre til at dei tek fleire og andre snarvegar i arbeidet enn det eldre og meir erfarne arbeidstakarar gjer. Dette blir underbygd av den tilsynserfaringa Arbeidstilsynet har på området. Arbeidstilsynet ser også at det er store forskjellar mellom verksemder når det gjeld i kva grad arbeidsgivaren er bevisst på plikta til å gjennomføre ei særskild risikovurdering av arbeidsmiljøet for unge arbeidstakarar.

Unge arbeidstakarar skil seg ut frå andre arbeidstakarar også i forhold til faktorar som arbeidstid, tilsetjingsforhold og HMS-kompetanse. Ein god del arbeidstakarar i alderen 16–24 år arbeider utanom ordinær arbeidstid. Dette gjeld spesielt innanfor varehandel og hotell- og restaurantnæringa, men også innanfor helse-, pleie- og omsorgssektoren er det mange unge som har deltidsjobb. Undersøkingar viser at 50 prosent av norske studentar har ein jobb av eit visst omfang ved sida av fulltidsstudiar.

Dei fleste norske ungdommar møter arbeidslivet som mellombels tilsette og får av den grunn mindre eigarskap til og kunnskap om HMS-arbeidet i verksemdene dei er tilsette i, enn fulltidstilsette. Vidare er det sannsynleg at dei i liten grad blir kjende med partssamarbeidet og rettane og kanalane som er etablerte gjennom hovudavtalen og verneorganisasjonen. Ei viktig utfordring når det gjeld dei unge sin inngang i arbeidslivet, er nettopp å sikre at denne gruppa blir tilstrekkeleg bevisst på rettar og plikter. Svartenesta til Arbeidstilsynet erfarer òg at mange elevar i vidaregåande skule som tek kontakt, har deltidsjobbar, og at dei har lite kunnskap om arbeidslivet generelt og kva HMS inneber. Ei anna utfordring er at mange unge fell ut av den vidaregåande skulen og går rett ut i arbeidslivet utan å ha gjennomgått noka form for HMS-opplæring som eventuelt skjer på dette nivået i utdanningssystemet.

Arbeidstilsynet har organisert hovudinnsatsen sin for unge arbeidstakarar gjennom det landsdekkjande prosjektet «Rett start for unge arbeidstakere». Prosjektet starta opp i slutten av februar 2009 og held fram til den gjeldande strategiske planen går ut ved utgangen av 2011. Målet er å forbetre sikkerheita til dei som er nye i arbeidslivet, og å auke kunnskapane om arbeidsmiljø, plikter og rettar både hos unge arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira. Det prøver ein å oppnå gjennom rettleiing og informasjon til skular, utdanningsstyresmakter og andre relevante aktørar, og gjennom tilsyn. Desse tilsyna blir utførte i utvalde bransjar med stort innslag av unge arbeidstakarar, mellom anna innanfor hotell og restaurant, detaljhandel, skular og festivalar. I tilsyna legg ein vekt på opplæring, risikovurdering, arbeidstid, skriftlege arbeidsavtalar og innhaldet i avtalane. Arbeidstilsynet har etablert ein god dialog med LOs sommarpatrulje.

Tiltak for betre HMS-opplæring i skulen

Ein gjennomgang av formuleringane av formål og kompetansemål i læreplanane innanfor yrkesfagleg utdanningsprogram viser at HMS er teke inn som tema i læreplanane. 7 Det er den enkelte vidaregåande skulen som skal utforme og operasjonalisere den konkrete opplæringa. Arbeidstilsynet erfarer at det er stor variasjon i kompetanse og haldningar til HMS hos lærarar i dei ulike vidaregåande skulane.

Arbeidstilsynet si tilsynserfaring gir derfor grunn til å stille spørsmål ved om HMS er godt nok integrert i den vidaregåande skulen, om HMS-kompetansen til lærekreftene er gode nok, og om det er behov for betre undervisningskompetanse innanfor HMS som tema. Det blir derfor arbeidd aktivt for at HMS skal takast inn og leggjast vekt på i utdanningane for dei unge. Mellom anna har Arbeidstilsynet halde foredrag og innlegg på ei rekkje vidaregåande skular og er på tilbodssida med omsyn til å gjennomføre seminar for og opplæring av lærarar i den vidaregåande skulen, og dessutan når det gjeld informasjonsmøte og opplæring retta mot medarbeidarar og leiarar av opplæringskontora i enkelte fylke. Arbeidstilsynet har vidare utarbeidd eit par informasjonsvideoar om HMS og har vore med på å lage ein video om HMS saman med «Nasjonal digital læringsarena» (NDLA) til bruk i den vidaregåande opplæringa. Arbeidstilsynet har ein pågåande dialog med NDLA om vidare samarbeid.

Bilbao-rapporten frå European Agency for Safety and Health at Work frå 2009 8 understrekar også behovet for å sikre at HMS-kompetanse blir innarbeidd i læreplanane i yrkesfagutdanningane, men også i studieførebuande utdanningsprogram. Vidare blir det understreka at elevar/studentar, lærarar og HMS-spesialistar må samarbeide om læring gjennom å utøve HMS i praksis på skulen/studiestaden.

Ein meir målretta innsats innanfor HMS-opplæringa for ungdom kan sikre at dei unge får nødvendig HMS-kunnskap før dei startar i arbeidslivet. Det kan bidra til at dei på ein betre måte tek vare på eiga helse og sikkerheit. Arbeidsmiljøkunnskapen bør femne om dei krava og utfordringane den enkelte møter i arbeidslivet, dei rettane dei har som arbeidstakarar, men også kva for krav arbeidsgivaren kan stille. Når det gjeld HMS-opplæringa på ungdomstrinnet, er det på same måten eit behov for ein meir målretta innsats, til dømes i samband med praksisveka og samfunnsfagundervisninga.

Det er derfor behov for å styrkje kompetansen om arbeidsmiljø og HMS blant elevar, studentar og lærarar i utdanningssystemet. Det må i samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, arbeidsmiljøstyresmaktene og partane i arbeidslivet vurderast kva for tiltak som er nødvendige, og korleis dei kan gjennomførast. I denne samanhengen vil det bli teke initiativ til eit tettare og meir aktivt samarbeid mellom Arbeidstilsynet og organ som arbeider med å utvikle rammer, innhald og strategiar for kompetanseutvikling, for å sikre HMS-perspektivet på ein god måte.

Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) er eit konkret døme på eit slikt organ. SRY blir oppnemnt av Kunnskapsdepartementet og er eit felles samarbeidsråd for partane i arbeidslivet og utdanningsstyresmaktene, og rådet skal medverke til å utvikle felles rammer og strategiar for fag- og yrkesopplæringa som sikrar behovet for kompetanse både for den enkelte, for verksemdene og for samfunnet. Det må vurderast om det bør lagast ein eigen samarbeidsavtale mellom Arbeidstilsynet og SRY for å sikre kontakt og samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene og arbeidsmiljøstyresmaktene på dette området. Dei faglege råda for dei ulike programfaga er også relevante samarbeidspartar for Arbeidstilsynet. Deira rolle er mellom anna å gi råd om tilbodsstrukturen innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma og å utarbeide kompetanseplattformer for alle lærefag og yrkesfag innanfor sitt ansvarsområde. Her er det eksplisitt nedfelt i mandatet at råda kan hente inn spisskompetanse, og Arbeidstilsynet vil vere ein viktig bidragsytar i denne samanhengen. Eit anna viktig bidrag vil vere å arbeide for ei styrking av HMS-opplæringa i den vidaregåande skulen. Dette er særleg viktig i yrkesfaglege utdanningsprogram, sidan desse programma leier til yrke som kan ha høg arbeidsmiljørisiko. For å bidra til førebygging av seinare muskel- og skjelettplager blant elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram har STAMI gjennomført eit prosjekt for å kartleggje smerter i nakke, skuldrer og rygg blant yrkesskuleelevar innanfor frisørfag, elektrikarfag og teikning, form og farge. Dette er yrke der muskel- og skjelettplager er særleg utbreidde, samtidig som gjennomsnittsalderen er låg. Elevane blei følgde det siste året på vidaregåande skule og dei to første åra i arbeidslivet. Resultata viste mellom anna at det er gode indikasjonar på at ein kortvarig kvil av nakkemusklane eller armane ca. kvart tiande minutt kan førebyggje nakke- og skulderplager i denne typen jobbar. Dette er eit godt døme på viktig kunnskap om korleis førebyggjande HMS-arbeid kan drivast, som må formidlast til utdanningsstyresmaktene gjennom eit godt samarbeid med Arbeidstilsynet.

HMS Kurs for daglig leder 990,-

HMS kurs for verneombud 1990,-

Du som daglig leder kan nå bestå HMS kurs på ca 1 time. Tradisjonelle HMS kurs kan ta opp til en hel arbeidsdag og gjerne med unødvendige høye utgifter. Med vårt tilbud til e-læring kan du gjennomføre kurset i fred og ro akkurat når det passer deg.

Fra 2007 til 2017 har flere flere tusen kunder valg vårt system

Arbeidsgivere er en sammensatt målgruppe. Noen leder konserner med titusener ansatte i inn- og utland, mens andre har et fåtall medarbeidere og er selv aktive i produksjonen.Det er 173.321 arbeidsgivere i Norge, og tre fjerdedeler av dem har færre enn ti ansatte (SSB, 2006). Produksjonen favner også bredt fra vareproduserende industri, bygg eller anlegg til transport- hotell- eller konsulenttjenester. Et HMS Kurs skal være nyttig for alle arbeidsgivere, uansett bransje og bedriftens størrelse. Derfor må vårt HMS Kurs bli i generell i form

HMS Nyheter

Nyheter relatert til HMS Kurs

2013 11 13

Luftfartstilsynet fant mange mangler hos Norwegian da de sjekket helse- , miljø og sikkerhet. – Rapporten inneholder flere feil, svarer ledelsen i selskapet.

2013 11 12

Direktør Ingrid Finboe Svendsen er fornøyd med at regjeringserklæringen som ble lagt fram i går sier at Arbeidstilsynet skal styrkes, og at kampen mot sosial dumping skal videreføres.

2013 11 11

Tre ungdomsbedrifter ved Stangnes videregående har inngått IA-avtalen (inkluderende arbeidsliv). Det skal gjøre dem ekstra godt rustet for arbeidslivet.

2013 11 11

Sparebank 1 Nord-Norge og El-installatøren tenker miljø. I forrige uke ble de sertifisert som Miljøfyrtårn.

2013 11 11

Veglo Miljøservice i Reppesmarka i Lånke får nå beskjed fra fylkesmannen om å rydde opp i utendørs så vel som innendørss lagring av farlig avfall.

2013 11 11

Et begrep som går igjen i både nasjonale og internasjonale klimaforhandlinger, er ansvarsbegrepet. Hvem skal bære hovedansvaret?

2011 12 01

Denne rapporten omhandler kravet i arbeidsmiljøloven om at arbeidsgiver skal gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid (aml § 3-5). Rapporten er utarbeidet på oppdrag fra Arbeidsdepartementet. Lovkravet om opplæring for arbeidsgiver ble innført med den nye arbeidsmiljøloven i 2005.

2011 11 14

Esso-stasjonen Parko i Kristiansand har vunnet Norsk Petroleumsinstitutts HMS-pris i år. Både leder og ansatte er stolte vinnere.

2011 11 14

Posten inngår nye pensjons- og personforsikringsavtaler som reduserer årlige kostnader med rundt 100 millioner kroner.

2011 11 14

Fagforeningen Parat, som med sine 3400 medlemmer i bransjen organiserer flest arbeidstakere innen luftfarten, mener det
er uakseptabelt at flygende personell ikke har den samme beskyttelse mot helsefarlig arbeidsmiljø som andre arbeidstakere.

KONTAKT

Administrasjon
E-post: kundeservice@onlinehms.no
Telefon: 9905 1111

HMS Artikkler

2017 08 01

Verneombudets rolle er å ivareta arbeidstakernes interesser i saker som angår arbeidsmiljøet.

2016 03 28

Fra 1. mars 2016 vil alle sykemelderne være pålagt å bruke den nye versjonen av sykmeldingen som gir både arbeidsgivere og NAV målrettet informasjon om den sykmeldte.